-Smaken av voss-

Årets Smalahove er klare ifrå veke 37!
Gardsbutikken er open kvar dag!
Bemanna opningstider mandag-fredag mellom kl 08.30-17.00 laurdag og søndag 10.00-15.00
Moglegheit for sjølvbetjening med vippsbetaling utanfor desse tidene.
Til alle som ynskjer varer sendt i post så vil det komma litt endringar då me jobbar med nytt innhald på heimesida. Ikkje alle varer er tilgjengelege til postsending lenger, du kan sjå på produktoversikten kva me kan sende til deg.
Det vil og komma ein oversikt over kvar ein kan få kjøpt dei produkta som ikkje er tilgjengeleg for postsending.
Takk til alle som vil handla lokalprodusert mat!!
Ynskjer du å eta smalahove på Løne?
Atmosfæren og rammene rundt måltidet er ein del av matopplevinga. Me har to flotte lokale der tradisjonane sit i veggene. Kontakt oss for bordbestilling eller spørsmål.


